Krigsflyet på Grindefjellet

Den 13. november 1942 styrta eit tysk Junker 52 transportfly på Grindefjellet i Gulen. Flyet kom frå Ålborg i Danmark og hadde mellomlanda i Bergen før det flaug vidare nordover. Flyvraket vart funne ein månad etter styrten, den 18. desember. Dei seks omkomne vart frakta ned til Virkesdal. Kistene vart sende med båt via Dalsøyra til Bergen, og dei vart gravlagde i Trondheim. Ein kan framleis sjå restane av flyet.

Ref. Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane

Visste du at Julenissen bur i Skarholten ?

Hei alle saman og god førjulstid

Du viste kanskje ikkje om “Julenissen i Skarholten”?. Eg har budd her i uminnelege tider og har hatt som fast jobb – kvart einaste år – å ta i mot ynskjelister og å besøke vaksne og born på Heggelund og Grinde. Av og til har eg også sendt ei lita julehelsing til snille barn og vaksne andre stader i landet. Les mer…

Gulafjordvegen 1201 - 1245

Hus og hytter på Heggelund har fått offisiell adresse.

  • Gulafjordvegen 1201 – Evy og Georg Heggelund

Sang ved avslutningfesten for bygging av Eidsfjordvegen

Då Eidsfjordvegen var ferdigbygd i 1953 fra Dalsøyra til Eide, var det avslutningfest på Orkneset. I den anledning blei det dikta ein avslutningssang for veganlegget. Sangen finn du ved å klikke på leka nedanfor.

I sangen blir det retta stor takk til vegsjef Torp som slo i bordet og sa at vegen skulle gå gjennom Gulen. Det blir også tatt til orde for at det skal haldast ein verdig fest når vegen er ferdig frå Halsvik til Sognefjord. Er det nokon som veit om denne festen er halden?

Vegoverlevering i Gulen i 1953

[Bilde 1037943 finnes ikke eller har blitt slettet]

Under rydding i barndomsheimen min nyleg, fann eg eit eksemplar av avisa Sogn og Fjordane frå 14. desember 1953. I avisa er det mellom anna ein lang artikkel frå overleveringa av den nye vegen frå Dalsøyra til Eide. Dei som var med på vegoverleveringa var samla i heimen til dåværande ordførar Ludvik B Kjellevold. Under overleveringa sa vegsjef Alf Torp at “riksvegen er ryggrada i vegane i Gulen. Når vegane er utbygde, og ein ser på dei store mogelegdomar på kysten, er det all grunn til å sjå Gulen som ein mykje verdifull lut av landet vår”.

Heile avisartikkelen kan du lese her

GOD SOMMAR !

[Bilde 932437 finnes ikke eller har blitt slettet]

Sommaren er her og vi ynskjer alle velkommen til ein tur opp på Skarholten. Her opp er det godt å sitje og la tankane flyte mens ein ser utover det vakre landskapet. Bli medlem av origo-sona “Skarholten” og del bilder og tankar frå turane dine hit opp, – eller andre ting du vil dele med naboane på Heggelund/Grinde eller heile vera.

GOD PÅSKE !

God Påske til alle som besøkjer nettstaden “Skarholten”. Og spesiell GOD PÅSKE til dei som tek turen opp på den verkelege Skarholten i løpet av påskeveka. Kanskje vi treffes ved benken og saman kan nyte den fine utsikta med kaffi og kvikklunsj.

Velkommen til nettsiden for Skarholten

Denne siden er opprettet for alle som er glad i å gå tur til Skarholten. Siden er også ment som et samlingssted for de som bor under Skarholden. Dvs. naboene Heggelund, Grinde og Vestervik. Både fastboende, hytteeiere og turgåere er velkommen til å bli medlemmer.

Skarholten

Følges av 27 medlemmer.

På Skarholten er det fint å sitje å sjå utover Eidsfjorden, – sørover mot Glenja og Mongstad som på bilete over, – nordover til Vikane, Klokkeide, – vestover til Vestervika, – og sjøvsagt ned på bygdene under fjellet; Heggelund og Grinde. Ein fredfull plass der ein kan la tankane kvile eller flyte fritt.

Det går sti opp til Skarholten frå Heggelund og frå Grinde. Er du sprek kan du gå vidare til Nova, Moldefellet og Grindefjellet. På Grindefjellet kan du bl.a. besøkje flyvraket som datt ned under siste verdenskrig. Mer om sonen

Origo Skarholten er en sone på Origo. Les mer
Annonse